The Big Almost
Improvisert instrumental rock med svevande melodiar og vakre harmoniar. Dette er ein enkel forklaring på den svensk/norske trioen som er det siste tilskotet i Klangkollektivet og skal spele under Phonofestivalen i haust.
Dei vart første danna i 2008 som ein fri improvisasjonstrio men utvikla seg til noko meir når dei møtte trommisen Øyvind Hegg-Lunde, kjent frå blant anna Electric Eye og Krachmacher. Etter fleire konsertar i Noreg og Sverige og fleire demo-opptakt gav dei ut sitt debutalbum i februar i år. Albumet, som har fått namnet “Mouth†er ei frisk blanding av støy, rytmisk musikk og eit nydelig samspel mellom synth og gitar. Denne friske blanding er vi veldig spente å høyre under Phonofestivalen i år. Vi er stolte over å ha så dyktige og nyskapande musikarar på plakaten og vi er også stolte over at dei kan kategoriserast som eit lokalt band.